Innstillingen basert på Ordensrådets behandling er skrevet av nestleder Vidkunn Eidnes (leder Helge Eriksen fratrådte under denne saken fordi han var medforslagsstiller sammen med Trygve Bornø)

"Odd Kristian «Tætt» Bendiksen er fødd 4.juli 1932, og voks opp like ved idrettsplassen, i dag Harstad stadion. Med idrettsstreik under krigen, blei det blant dei unge spela mykje gatefotball, og då freden kom, kunne ein veltrena gutegjeng melde seg inn i Harstad Idrettslag og snart vere stammen i eit godt juniorlag. «Tætt « viste tidleg sportslege kvalitetar, og blei alt som 15-åring med på A-laget til HIL.

I HILs gullalder frå 1952 til 1965 blei han ein markert frontfigur for laget, og var i mange år kaptein på laget som dominerte i nordnorsk fotball på denne tida. Nord-Norge hadde på den tid eigen serie og cup, og eige landsdelslag.

Frå «Ved egne krefter», Harstad bys historie, tar vi med to sitat: «De lokale spillerne på HIL var helter og forbilder for mange i byen. Folk kom langveis fra for å følge heltene sine på stadion», og om HIL : « De stilte med fryktelige størrelser som «Tætt» Bendiksen, Leif Bruun, Jarle Mathisen og Alf Røkenes..» Det var laget som var «idolet», og langt på veg var det symbolisert ved «Tætt» sin rolle og fotballkunst. Desse spelarane skapte ei interesse og eit miljø langt utom Harstad Stadion.

«Tætts» merittliste er lang. Som kaptein førte han laget til
+ 9 cupfinalar i åra mellom 1953 og 1962 og laget vann 6 av desse,
+ seriemesterskap 5 gonger i distrikt 10 (høgste nivå i nord) mellom 1955 og 1963.
+ deltok på 10 landsdelskampar
+ første spelar frå Nord-Norge på landslagssamling, i Danmark 1959.
Frå å starte som frontfigur i HIL blei «Tætt» den store spelaren i nordnorsk fotball.

«Tætt»s fotballkunnskap og kapasitet var grunnlaget for at han alt i 1955 blei ein del av trenarteamet i laget, fram til 1960 saman med Edin Igeland(hovudtrenar) og Alf Røkenes., og vidare fram til 1965 trenar saman med Alf Røkenes, heile tida for A-laget.

Samstundes var han også aktiv som trenar for aldersbestemte klassar, gjennomførte prøvar som førte til Norges Fotballforbunds ferdighetsmerke for mange unge. Dette blei lagt merke til i fotballmiljøet, og hadde positiv verknad i det lokale miljøet rundt klubben.

I 1965 måtte «Tætt» legge fotballskoene på hylla, ein skade sette stoppar for vidare karriere. Men han var ikkje ute av miljøet, og hans kompetanse og erfaring har seinare aktive kunna nyte godt av. Og at miljø-faktoren var viktig, viser samhaldet blant Hil-veteranane som framleis møter på klubbhuset der endå «Tætt» er ein av dei!

«Fotballen var en sterk identitetsskaper etter 1945» heiter det i byhistoria. I desse åra var det svært viktig å skape fellesskap og ha noko å vere saman om. Fotballen fekk ein slik posisjon i Harstad, særleg representert ved Harstad Idrettslag. Folk møtte opp i tusenvis til vanlege kampar, i 1959 var Larvik Turn på stadion, og 7.200 tilskuarar møtte opp! «Tætt» scora 3 av 5 mål for HIL, og var naturleg i sentrum for alt oppstyr!

HIL var første storlaget her nord med Odd Kristian Bendiksen som kaptein, seinare kom Mjølner, TIL, og Bodø/Glimt. Og vanlege folk kjenner endå til fotball-einaren i Harstad frå denne tida, «Tætt» Bendiksen!
Idretten har generelt ein sterkare posisjon i samfunnet i dag. Då er det nesten endå meir spesielt å ha vore med å skape den posisjon HIL hadde rundt 1960, og då kan vi ikkje anna enn trekke fram denne mannen.
Denne markeringa for ein av dei idrettsutøvarane byen har fostra, kunne nok ha skjedd tidlegare, men vi synest det enda er høgst fortent å gi Odd Kristian Bendiksen Harstad bys fortenestemedalje."

I §1 i statuttene for Harstad bys fortjenestemedalje står det:
"Denne medalje tildeles personer som har gjort en fremragende innsats til beste for Harstad by, og hvor denne innsats har vært av særdeles stor betydning for byens fremgang og vekst."
Første tildeling fant sted i 1953 og frem til nå har 30 personer mottatt denne heder.

For mer informasjon om medaljen gå til: https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Harstad_bys_fortjenstmedalje